TEKNISKE
OG |
| TAF- Brosjyre Bedrifter |
Utdanninga Tekniske og allmenne fag er fireårig og
fører fram til fagbrev og spesiell studiekompetanse.
Det tyder at utdanninga gjev grunnlag for opptak til Universitet og alle høgskular,
inkludert ingeniørhøgskular og NTNU i Trondheim. Det vert stilt store krav til teoretiske kunnskapar, særleg i matematikk og fysikk. Men dei andre faga er óg viktige, fordi alle karakterane på vitnemålet tel med i opptaksgrunnlaget. Utdanninga føregår gjennom eit samarbeid mellom skulen og ulike bedrifter i Sogn og Fjordane. Den praktiske opplæringa føregår i bedriftene og den teoretiske delen på skulen. Dei tre fyrste åra har elevane/lærlingane tre skuledagar kvar veke og siste året to. Elevar i 10. klasse i ungdomsskulen kan søkje TAF-ordninga gjennom ordinært inntak med søknadsfrist 1.mars. Søkjer du TAF, må det stå som 1. val. Rådgjevar må sende kopi av søknaden til Øyrane vidaregåande skule, Postboks 115, 6801 FØRDE.
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Ved Øyrane vidaregåande skule har vi desse tilboda innanfor studieretninga: | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Kurset vert ikkje lyst ut skuleåret 2005/2006. |