Rektor har ordet:

Midt i Sogn og Fjordane i Sunnfjord-byen Førde, finn du Øyrane vidaregåande skule. Skulen vår har vorte eit landemerke i Førde, ein moderne skule med tiltrekningskraft.

 

Msv2.jpg (107668 bytes)
Øyrane – spennande og utfordrande

Øyrane vidaregåande skule er ein spennande skule og ein utfordrande arbeidsplass. Tilbodet vårt femner om eit fagleg mangfald frå grunnleggjande yrkesutdanning i kombinasjon med allmennfag til fagutdanning på eit høgt nivå. Øyrane er ein vidaregåande skule i utvikling der nye tilbod vert arbeidd fram i nært samarbeid med næringslivet i fylket. På Øyrane møtest unge menneske av begge kjønn frå alle kantar av fylket. Alle kjem dei med forventningar til skulen vår som ein læringsarena og som ein sosial møtestad.

       Marta Sofie Vange

Læringsarena og møteplass for ungdom

Skulen vår vert ein smeltedigel der ungdom i møte med personalet vårt skal få med seg nyttig lærdom vidare i livet. Denne lærdommen skal gje elevane våre både ei teoretisk innføring i nye fagområde, ei fordjuping i frå før kjende fagfelt og ei praktisk utføring av yrke. I tillegg til den faglege sida ved skulearbeidet tel det sosiale samværet med andre menneske mykje. Det gode samspelet mellom skulepersonalet og eleven og mellom elevar innbyrdes har mykje å seia for eit positivt skulemiljø. Elevar som trivst, lærer best.

Læring og trivnad

På Øyrane vidaregåande skule ligg det på alle måtar til rettes for å skapa eit godt og triveleg skulemiljø. Dei fysiske tilhøva i eit nytt anlegg har fått ei utforming som stimulerer til læring. Utstyrsmessig ligg skulen langt framme, og når me i tillegg har dyktige lærarkrefter, vil det vera mykje opp til elevane sjølve å gjera det beste mogeleg ut av opphaldet ved skulen vår. Her er lyse romslege klasserom og verkstader med ei flott kantine for både elevar og tilsette sentralt plassert i hjarta av skulen. Mange venskap har vorte knytt på Øyrane ved borda i kantina. Her møtest elevar på tvers av dei 6 studieretningane våre anten dei går på byggfag, elektrofag, mekaniske fag, helse- og sosialfag, hotel og næringsmiddelfag eller teknisk allmennfag. Både kantina og bygningane elles har fått ei kunstnarleg utsmykking, og det same gjeld uteområdet.

Ein god stad å læra og å vera

Som rektor har eg eit ansvar å sjå til at Øyrane vidaregåande skule fungerer som eit velsmurt skulesamfunn der både elevar og tilsette finn seg godt til rette både fagleg og sosialt. Eit skulesamfunn byr på utfordringar både for elevar og tilsette, og her ligg noko av spenninga ved å vera elev på Øyrane. Me har eit pedagogisk personale som tek utfordringar, og for den lærevillige eleven vil Øyrane vera ein god stad både å læra og å vera. Velkommen til Øyrane vidaregåande skule.

 

 

Marta Sofie Vange

-rektor-