Øyrane vidaregåande skule var opprinneleg to skular, Førde yrkesskule og Førde husmorskule, som vart slege saman til ein i 1992.
I 1935 starta Førde Metallfagskole opp, og dette var starten på Førde yrkesskule. Initiativtakar og rektor var Jørgen Neverdahl. Han hadde starta opp med mekanisk verkstad her i Førde og såg at det var trong for ei mekanisk utdanning også i Sogn og Fjordane. Jørgen Neverdahl var eigar av skulen i fram til 1950 då Førde kommune tok over drifta av skulen som fekk namnet Sogn og Fjordane Yrkesskule.
I 1961 vart det opna ny skule på Hafstadflata, og her var skulen fram til 1994, då dei flytta ned på den nye Øyrane vidaregåande skule. Då skulen kom inn i nye lokaler, vart det også etterkvart fleire linjer å velja mellom, og elevtalet fordobla seg dette året, frå 39 elevar i 1960 til 78 elevar året etter. gong. I byrjinga var Førde yrkesskule ein skule for gutane, men hausten 1965 vart det første "jentefaget " starta opp, nemleg kjole og draktsaum. Etterkvart vart det fleire klassar og linjer, og det kom også vidaregåande kurs i dei fleste faga, så då Førde yrkesskule feira 50 års jubileum hausten 1985, var det 28 klassar og 358 elevar på skulen.
Husmorskulen i Førde starta opp hausten 1947 i det som då var Sivertsen Hotell, og her var skulen fram til sommaren 1958. Det nye skulebygget var klart etter fleire års planlegging. Staden der skulen vart bygd var Klemmentkvia, ein teig under prestegarden, i dag er det avdelinga i Prestebøen som ligg her.
Til og med 1958 var det 21 elevar som fekk plass kvart halvår. Når den nye skulen vart teken i bruk auka elevtalet til 32, før det etter ei ombygging i 1966 vart plass til 8 elevar i tillegg. 10 år seinare vart elevtalet utvida til 48, dette var mogeleg fordi 8 av elevane budde heime.
Frå 1960 til 1969 hadde skulen ei spebarnsavdeling med plass til 6-7 born. Det kom elevar frå husmorskulen i Hafslo og Stryn for å få læra spedbarnsstell. I 1969 vart denne avdelinga lagt ned, det var ikkje nok born til å halda den i gong.
I 1992 var det omorganisering av dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane, og då vart dei to skulane slege saman. Namnet var Førde yrkesskule til hausten 1994, då flytta skulen inn i nye lokaler, og det nye namnet vart Øyrane vidaregåande skule.
Kjelder:
Førde yrkesskule 50 år, 1986
Notat frå Maria Lothe, rektor ved Førde husmorskule 1960 1977, 27.01.1991