Teknikk og industriell produksjon

Utdanningsprogram

 

 

Moderne samfunnsliv er utenkjeleg utan mekaniske fag. Heile den industrielle sivilisasjonen er bygd opp av dei fagfolka som stadig har utvikla og betra reiskapane, hjelpemidla og daglegvarene våre. Produkta er alt frå maskinar til å veve tøy til bilmotorar, frå instrument til å måle vekt, avstand og tid, til kranar for tunge lyft. I kvardagen møter vi mekaniske produkt over alt: uret, radioen, komfyren, kjøleskapet, låsen som sikrar døra, transportmiddelet til arbeid osv. Du som vel ei utdanning innanfor mekaniske fag, må lære å meistre metodane i faga, verktøy og reiskapar, maskinar og måleinstrument. Dette utstyret blir nytta til å utføre mange oppgåver: å dreie, frese, bore, kappe, skjere, klinke, sveise eller lodde.

 

I Kunnskapsløftet har klassane fått nye nemningar.

 

Ved Øyrane vidaregåande skule har vi desse tilboda innanfor programområdet:

Vg1 Teknikk og industriell produksjon

Vg2 Køyretøy

Vg2 Produksjons- og industriteknikk