Det finst stader i verda de god nynorsk ikkje strekkjer til. 99,9% av alle menneske er utlendingar. Vil du prate med dei er det lettast på engelsk. Fleire og fleire nordmenn treng engelsk på jobben.
På Øyrane har du to timar engelsk for veka, både i første og andre klasse.
Omtrent halvparten av engelsken er yrkesretta. Saum-elevane lærer om tekstilar, bilmekanikarane om clutch og bremser, osv. I andre klasse les du ein roman på engelsk.
Engelsk kan vere eit vanskeleg fag. Stilane får ofte eit sterkt innslag av raudt når dei blir retta. denne misfarginga prøver vi å bli kvitt i løpet av skuletida.
Det blir sett opp støttegrupper for dei som treng mest hjelp, så langt skulen har pengar og høve til det. Å vere med på ei slik gruppe er frivilleg.
Dei som vil ha generell studiekompetanse etter at dei er ferdige her, kan ta allmennfagleg påbygging. Det er ein time engelsk for veka.