Allmennfagleg påbygging

Dersom du etter ungdomskulen vel å starte i yrkesfag, men ønskjer å gå vidare i allmennfagleg lei til f. eks. høgskule eller universitet kan du ta såkalla allmennfagleg påbygging.

For all yrkesfagleg opplæring gjeld det at du etter fullført GK og VK1 kan velje VK2 allmennfagleg påbygging, som gir generell studiekompetanse når du har bestått eksamen. Merk at dette berre gjeld dersom både GK og VK1 er frå yrkesfaglege studieretningar. Du som har grunnkurs og/eller vidaregåande kurs innanfor studieførebuande studieretningar, vil ikkje utan vidare få fullstendig generell studiekompetanse etter fullført påbyggingskurs. Generelt gjeld at dersom du allereie har teke nokre av fellesfaga som inngår i påbyggingskurset, må du erstatte desse med studieretningsfag innanfor studieretning for allmenne, økonomisk og administrative fag. Du bør skaffe deg nærare opplysningar om dette hos rådgjevaren på den skulen du går, eller på den skulen der du søkjer påbyggingskurs. Her ser du korleis dette kurset er bygd opp.
Norsk (10 t/v)
Matematikk (2 t/v)
Naturfag (3 t/v)
Engelsk (1 t/v)
Nyare historie (4 t/v)
Kroppsøving (2 t/v)
Studieretningsfag (minimum 6 t/v)
Valfag (minimum 2 t/v)
Totalt minimum 30 timar/veke.
Du bør skaffe deg informasjon om kva krav som gjeld til særskilte kurskombinasjonar/fag som er kravde for dei studia du ønskjer å gå vidare med.