|
Restaurant- og matfag |
|
Mattradisjonar
og matvanar er blant dei fremste kjenneteikna på ein kultur. Frå
naturalhushald har foredling av næringsmiddel utvikla seg til viktige
bransjar innanfor industri, handverk, sal og service. Moderne samfunnsliv,
med stadig større variasjon når det gjeld bruk av råmateriale, produkt
og tenester, set stadig større krav til desse bransjane. Denne studieretninga
gir tilbod om opplæring innanfor mellom anna hotell- og restaurantnæringa,
næringsmiddelbedrifter, og produksjon av mat-,
fiske-, drikke-, bakar- og kjøttvarer. I desse bransjane er det heile tida
utvikling av nye produkt og tenester. Dette er derfor eit felt for deg med
fantasi og skaparevner, anten som ein fingernæm konditor, som kokk med evne
til å komponere nye matrettar, eller om du vil vere med på å lage nye produkt
i industrien. Alle kursa i denne studieretninga, med unntak av meieriindustri
som gjev annan yrkeskompetanse, fører fram til fag- eller sveinebrev. I Kunnskapsløftet har klassane fått nye nemningar. |
|
|
Ved Øyrane vidaregåande skule har vi desse tilboda innanfor programområdet: |
|
|
|
|
|
Vg1 Restaurant- og matfag |
|
|
Vg2 Matfag |
|
|
Vg2 Restaurantfag |
|