Helse- og sosialfag

Utdanningsprogram

 

 

Bestått eksamen frå denne studieretninga gir deg yrkeskompetanse. Omsorgsarbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget, reinhaldsoperatørfaget og ambulansefaget har avsluttande opplæring i bedrift og fører fram til fagbrev. Dei andre faga tek du på skulen, men ofte med relativt lange praksis-periodar. Vel du studieretninga for helse- og sosialfag, kan du få ulike jobbar innan  sosial- og oppvekstsektoren - i heimetenesta eller på sjukehus, i barnehage eller fritidsheim, på tannlegekontor, legekontor eller kan hende på apotek. I opplæringa lærer du å gi omsorg, pleie, rettleiing og støtte til menneske som treng hjelp. Du vil få grunnleggande teoretiske kunnskapar om korleis kroppen er bygd opp og korleis han funksjonerer, sosialfag, førebyggjande helsearbeid, kostlære, hygiene og førstehjelp.

 

I Kunnskapsløftet har klassane fått nye nemningar.

 

Ved Øyrane vidaregåande skule har vi desse tilboda innanfor programområdet:

 

Vg1 Helse- og sosialfag

Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag

Vg2 Helseservicefag

Vg3 Helsesekretær

Vg3 Tannhelsesekretær