![]() |
VK1 SAUM Øyrane vidaregåande skule |
![]() |
Velkommen til våre sider. Vi ynskjer fyrst og fremst å gje deg litt
GENERELL INFORMASJON OM SAUMFAGET :
Saumfaget har lange tradisjonar, klær skaper folk heiter det. Ja, det er faktisk den største bransjen i verda. Faget er også trendsetjar innan motebransjen. VK1 Saum er lagt opp slik at ein får ei byrjande spesialisering mot desse sju ulike fagområda som er valgmoglegheiter etter VK1 kurset (sjå tabellen nedanfor).
| Modistfaget (dvs. hattemakar), der vi skal innom ulike metodar å lage hattar på. |
![]() |
| Kostymemakarfaget der du får prøve deg på ulike typar kostymer, frå antrekk frå ulike tidsepokar til alle slags teaterstykke som t.d. "Jonas i jungelen", der ein må lage ulike dyr og masker. |
![]() |
| Kjole og drakt der vi arbeider med dameklede av alle slag som drakter, kjolar, blusar, bukser, ballkjolar, brudekjolar osv... |
![]() |
| Herreklede vert det produsert mange slag av, som t.d. bukser, vestar, jakker, skjorter osv... |
![]() |
| Seglmakar der vi skal lære å lage segl og anna utstyr til båtar. |
![]() |
| Gradør der ein jobbar med å utvikle mønster både på frihand og på data, forminske og forstørre mønsterdelane. |
![]() |
| Industrisaum inneber meir rasjonelle saum-metodar som vert nytta i industrien, bruk av spesialmaskiner osv... Arbeid med å vidareutvikle produksjonen innan saum (produktutviklar). |
![]() |
| Fag og timefordeling |
| Felles allmenne fag | T/V | Studieretningsfag | T/V |
| Norsk | 2 |
Fagteikning | 2 |
| Engelsk | 2 |
Mønsterforming | 4 |
| Samfunnslære | 2 |
Saum, pressing, maskin og verktøy | 14 |
| Kroppsøving | 2 |
Materialkunnskap | 3 |
| Valfag | 2 |
Bransjekunnskap | 2 |
MODELL FOR UTDANNING INNAN SAUMFAGET
Fyrst : GRUNNKURS FORMGJEVINGSFAG På Mo og Jølster vgs. eller Høyanger vgs. eller GRUNNKURS MEKANISKE FAG På t.d. Øyrane vgs. |
så : VK1 SAUM På Øyrane vgs. |
og så vidare : Bedrift eller VK2 KJOLE OG DRAKT HERRESKREDDAR KOSTYMEMAKAR MODIST SEGLMAKAR GRADØR INDUSTRISAUM |
| SJANSAR FOR Å FÅ ARBEID Det er behov for fagfolk innanfor desse felta i tekobransjen : operatør (syerske), designar, gradør, produktutviklar, modellør, tilskjerar og sivilingeniør. Teater- og filmbransjen treng fagfolk til å lage kostymer. Innan fleire av områda er det mogleg å starte sine eigne bedrifter i ein nisje som ofte passar det lokalsamfunnet ein bur i. |
![]() |