|
Ein kan ikkje tenkje seg eit moderne samfunn utan elektrisitet, og ein finn stadig nye måtar å bruke elektrisk energi på i heimar, fabrikkar, og på kontor. Ein ser også stadig meir bruk av elektronikk og data. Å søkje elektroutdanning kan vere ein spanande start på yrkeskarrieren. Du som vel eit yrke innanfor elektrofaga, bør kunne arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk. Arbeidet krev logisk tenkjemåte og ein kombinasjon av teoretiske kunnskapar og praktisk dugleik. Det føreset kreativitet, både når du skal løyse konkrete oppgåver og når det skal utviklast nye produkt og tenester. |
|
|
Ved Øyrane vidaregåande skule har vi desse tilboda innanfor programområdet: |
|
|
|
|
|
Vg1 Elektrofag |
|
|
Vg2 Elenergi |
|
|
Vg2 Data og elektronikk |
|
|
Vg3 Dataelektronikar |
|