Oppfølgingstenesta

Alle fylkeskommunar har ei oppfølgingsteneste for deg som ikkje har søkt eller teke imot ein opplæringsplass, eller har avbrote utdanninga før ho er ferdig, og som ikkje har fast arbeid. Oppfølginga har som mål å gi tilbod om opplæring eller arbeid til all ungdom, og ho skal så langt som det er mogeleg føre fram til formell kompetanse. Du som står utanfor den vanlege opplæringa, kan bli kontakta av opplæringstenesta og få tilbod om hjelp. Dette gjeld så lenge du har rett til opplæring. Du kan sjølvsagt også ta kontakt med oppfølgingstenesta på eiga hand. På nærmaste vidaregåande skole kan du få vite kvar du skal gå.

OT sine eigne nettsider